Historie

historie3.jpg

Hausten 2022 opna den nye Bømlo vidaregåande skule og samla dermed det vidaregåande opplæringstilbodet på Bømlo under éi eining.

Samtidig som Rubbestadnes vgs. og gamle Bømlo vgs. blei slått saman, opnar òg det nye Unitech Teknologisenter på Rubbestadneset (seinare i haust) der 3000 kvadratmeter er sett av til å vera vidaregåande skule. Dette arealet vil husa teknologi- og industrifag, elektro og datateknologi, samt den nye satsinga naturbruk/akvakultur. At den gamle yrkesskulen blir bytta ut med eit nytt og moderne teknologisenter, er utan tvil ein milepæl for heile bømlasamfunnet og starten på ein ny æra.

Samtidig som det nye teknologisenteret opnar på Rubbestadneset, har det òg blitt gjort omfattande arbeid på skulebygget på Leite, der studiespesialisering, helse- og oppvekstfag, påbygg og tilrettelagt opplæring vil halda til. Til saman vil den nye Bømlo vidaregåande skule ha ca. 350 elevar og ca. 70 tilsette, fordelt på to lokasjonar. I tillegg nyttar skulen Bømlohallen og Rubbhallen til kroppsøvingsundervisning og breiddeidrett.

Sjølv om det er ein ny skule som skal stod klar til skulestart hausten 2022, har dei vidaregåande skulane på Bømlo likevel ei lang og rik historie som du kan sjå i oversikta under.

 

Historikk:

  • 1946: Planlegginga av ein yrkesskule på Rubbestadneset startar. Initiativtakarar er det lokale næringslivet og seks kommunar i Sunnhordland.
  • 1950: Rubbestadnes yrkesskule blir innvigd etter at det første skulebygget står ferdig. Skulen har tre verkstadar, to teorirom, internat og styrarbustad. I starten var det tre klassar: mekanikar, elektrikar og motormekanikar.
  • 1951: Hordaland fylke tar over drifta av yrkesskulen.
  • 1957: Nytt internatbygg står ferdig. Mens det gamle internatet hadde plass til 34 elevar, har det nye plass til 78.
  • 1962: Nytt motormekanikarbygg står klart. I tillegg til motormekanikarklassane, husar bygget ein ny klasse for maskinistaspirantar.
  • 1972: Yrkesskulen tar i bruk den nybygde Turnhallen like ved skulen til kroppsøvingsundervisning.
  • 1972: Bømlo gymnasklassar blir oppretta som ein filial under Stord gymnas. Undervisninga går føre seg i Bremnes ungdomsskule sine lokale.
  • 1973: Yrkesskulen innvier nytt bygg for røyrleggjar, samt plate, sveis og konstruksjon. Same bygg husar seinare maritime fag.
  • 1976: Bømlo gymnasklassar får sitt første eige bygg, ei brakke med to klasserom og eit grupperom. Fleire brakker kjem til seinare, i tillegg til at skulen leiger andre lokale i nærleiken.
  • 1979: Bømlo gymnasklassar får sjølvstendig status og blir til Bømlo vidaregåande skule. Skulen har studieretning for allmenne fag, hushaldsfag og handel- og kontorfag.
  • 1993: Fylket gjer vedtak om bygging av ny skule for Bømlo vgs. Skulen skal ligga i det same området der den nybygde Bømlohallen ligg, og der kroppsøvingsundervisninga no er blitt flytta til.
  • 1995: Bømlo vgs. flyttar inn i ny og stor skulebygning på Leite. Bygget er i tre etasjar og husar allmennfag, helse- og sosialfag og hotell- og næringsmiddelfag.
  • 2007: Rubbestadnes yrkesskule skiftar namn til Rubbestadnes vidaregåande skule.
  • 2016: Fylkestinget i Hordaland gjer det endelege vedtaket om å slå saman dei to vidaregåande skulane på Bømlo.
  • 2019: Fylkestinget vedtar at programfaga teknologi- og industrifag, elektro og datateknologi, samt den nye satsinga naturbruk/akvakultur, skal lokaliserast til det nye Unitech Teknologisenter som skal byggast på Rubbestadneset. Det blir òg bestemt at namnet på den nye skulen skal vera Bømlo vidaregåande skule.
  • Hausten 2022: Opning av den nye Bømlo vidaregåande skule.

 

Les meir om historia til gamle Rubbestadnes yrkesskule/vgs.

Les meir om historia til gamle Bømlo vgs.