Hopp til hovedinnhold

Studiespesialisering

Elevar på studieførebuing gjer oppgåver.

Er du interessert i teoretiske fag og ønskjer å studere ved universitet eller høgskule seinare? Då kan du velje studiespesialisering. Utdanninga er treårig og fører fram til generell studiekompetanse. Du kan òg velje fag som gir spesiell studiekompetanse.

Kvifor velja studiespesialisering?

Har du allereie bestemt deg for å ta høgare utdanning? Eller har du enno ikkje funne ut kva du vil satsa på? Vel du studiespesialisering held du moglegheitene opne. Du sikrar deg kompetansen og modninga du treng for å studera vidare på høgskule eller universitet, og kanskje gjer dei tre åra det òg meir tydeleg for deg kva du kan tenkja deg å jobba med i framtida?

Kva kan du bli?

Det meste! Eit utal yrke ligg opne etter høgskule- eller universitetsstudium, for eksempel lege, sjukepleiar, advokat, arkeolog, lærar, ingeniør, økonom, sosionom, aksjemeklar, journalist, politi, skipsdesignar, veterinær ... og mykje meir.

Me tilbyr:

Som elev på studiespesialisering på Bømlo vgs får du ein aktiv, variert og spennande skulekvardag. I tillegg til dei obligatoriske fellesfaga, kan du velja mellom ei rekkje programfag. Me tilbyr både realfag, språkfag, samfunnsfag og idrettsfag. Fagdagssystemet vårt opnar opp for både ekskursjonar og temadagar.

Vg1 studiespesalisering

Det første året har du mange obligatoriske fellesfag. Nokre er avsluttande, mens andre held fram i andre- og tredjeklasse.

Faga du har på vg1 studiespesialisering er:

  • norsk
  • matematikk (1P eller 1T)
  • engelsk
  • naturfag
  • samfunnskunnskap
  • geografi
  • 2. framandspråk (tysk eller spansk)
  • kroppsøving

Når det gjeld matematikk, skal du velja mellom 1P (praktisk) eller 1T (teoretisk). Vel du 1P, held du fram med 2P i vg2. Vel du 1T, held du fram med R1 i vg2. Når det gjeld 2. framandspråk, vil du i vg2 halda fram med det språkvalet du gjer i vg1. Elevar som ikkje har hatt eit andre framandspråk (i tillegg til engelsk) på ungdomsskulen, held òg fram på vg3.

Det er òg mogleg å velja programfaget breiddeidrett 1 på vg1. Dei som vel å ta dette programfaget på vg1, vil få eit fag ekstra på vg1, men eit fag mindre på vg2 eller vg3.

Vg2 studiespesalisering

Det andre året held du fram med nokre av dei faga du hadde i førsteklasse, mens du òg får ein del nye fag. Du skal velja tre programfag, der to av faga skal vera frå programområdet ditt (f.eks. to realfag). Det tredje programfaget vel du fritt. Det kan variera noko frå år til år kva programfag du kan velja.

Faga du har på vg2 studiespesialisering er:

  • norsk
  • matematikk (2P eller R1)
  • historie
  • 2. framandspråk (tysk eller spansk)
  • kroppsøving
  • tre programfag (to må vera frå same programområde)

Realfag:
  • matematikk R1
  • fysikk 1
  • kjemi 1
  • biologi 1

Språk, samfunnsfag og økonomi:
  • engelsk 1
  • sosiologi og sosialantropologi
  • psykologi 1

Idrettsfag:
  • breiddeidrett 1

Vg3 studiespesalisering

Det tredje året får du berre eitt eller to nye fag. Resten av faga er fag du held fram med frå tidlegare – mellom anna dei to programfaga du har valt å fordjupa deg i. Det tredje programfaget vel du fritt. Det kan variera noko frå år til år kva programfag du kan velja.

Faga du har på vg3 studiespesialisering er:

  • norsk
  • historie
  • religion og etikk
  • 2. framandspråk (tysk eller spansk – berre for dei som ikkje hadde 2. framandspråk på ungdomsskulen)
  • kroppsøving
  • tre programfag (to må vera frå same programområde)

Realfag:
  • matematikk R2
  • kjemi 2
  • biologi 2

Språk, samfunnsfag og økonomi:
  • engelsk 2
  • sosialkunnskap
  • psykologi 2

Idrettsfag:
  • breiddeidrett 1
To elevar arbeider på datamaskin

Vegen vidare

Med studiekompetanse kan du søka opptak til høgare utdanning i Noreg. Dette gjer du gjennom Samordna opptak. Her får du òg informasjon om kva opptakskrav som gjeld for dei ulike studia. Har du ikkje bestemt deg, kan du få gode tips på Utdanning.no. Våre rådgjevarar vil òg hjelpa deg med karriererettleiing.