Hopp til hovedinnhold

Påbygging til generell studiekompetanse

Elevar bak pc-skjerm smilar

Har du gått på yrkesfag og ønskjer å ta høgare utdanning? Då kan du ta påbygging til generell studiekompetanse. Du kan søkje både før og etter læretida. Utdanninga fører fram til generell studiekompetanse.

Kvifor velja påbygging til generell studiekompetanse?

Har du fagutdanning, men går med tankar om å ta høgare studium – anten no eller seinare i livet? Då treng du studiekompetanse for å kunna søkja høgskular og universitet. Denne studiekompetansen sikrar du deg med påbyggingsåret.

Me tilbyr:

Hos oss får du ein aktiv og spennande skulekvardag. I tillegg til fellesfaga kan du velja mellom ei rekke ulike programfag, og fagdagssystemet vårt opnar for både ekskursjonar og temadagar.

Vg3 påbygging til generell studiekompetanse

I tillegg til dei obligatoriske fellesfaga, skal du òg velja eit programfag.

Fellesfag:

  • norsk
  • matematikk
  • naturfag
  • historie
  • kroppsøving

Kva programfag du kan velja, vil variera noko frå år til år. Skuleåret 2023–24 kan elevane på påbygging til generell studiekompetanse velja mellom:

  • psykologi 1
  • biologi 1
Elevar smilar mens dei ser på pc-skjerm

Vegen vidare

Etter påbyggingsåret kan du søka opptak til høgare utdanning i Noreg. Dette gjer du gjennom Samordna opptak. Her får du òg informasjon om kva opptakskrav som gjeld for dei ulike studia. Har du ikkje bestemt deg, kan du få gode tips på Utdanning.no. Våre rådgjevarar vil òg hjelpa deg med karriererettleiing.