Helse- og oppvekstfag

helseoppvekst0.jpg

Helse- og oppvekstfag er ei yrkesfagleg utdanning og er for deg som er omsorgsfull og liker å samhandle med andre. Etter 2 år på skule kan du gå ut i lære. Du kan også ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Kvifor velja helse- og oppvekstfag?

Ynskjer du å arbeida med menneske i alle aldrar og med ulike hjelpebehov? Kanskje du trivst når ingen arbeidsdagar er like og det oppstår nye situasjonar kvar dag? Då kan helse- og oppvekstfag vera noko for deg!

Kva kan du bli?

Du kan velja mellom mange yrke og arbeidsplassar innan helse- og oppvekstsektorane, både i privat og offentlege verksemder. Du kan bli alt i frå ambulansesjåfør og apotekteknikar til hudpleiar og barne- og ungdomsarbeider – eller kanskje tannhelsesekretær?

Me tilbyr:

Vg1 helse- og oppvekstfag
Vg2 barne- og ungdomsarbeidar
Vg2 helsearbeidarfag

På Bømlo vgs. har me eit godt samarbeid med bedrifter, kommunar og helseforetak i distriktet. Du har yrkespraksis ein dag i veka, noko som gir deg erfaring og eit godt grunnlag for fagleg utvikling.

Vg1 helse- og oppvekstfag

Helse- og oppvekstfaga representerer viktige tradisjonar og verdiar på omsorgsfeltet. Opplæringa på vg1 helse og oppvekstfag skal medverka til å dekkja kompetansebehovet i samfunnet innanfor oppvekst-, helse- og sosialtenestene.

Felles programfag du skal ha dette året er: 

  • helsefremjande arbeid
  • kommunikasjon og samhandling
  • yrkesliv i helse- og oppvekstfag

I tillegg kjem: yrkesfagleg fordjuping, matematikk, engelsk, naturfag og kroppsøving.

Fleire detaljar om fag og timetal finn du på vilbli.no.

Vg2 barne- og ungdomsarbeidar

Programfaga som du hadde i vg1 helse- og oppvekstfag går vidare. Opplæringa er praksisnær, og du får endå fleire timar til prosjekt i fordjuping enn du hadde det første året. Du som har hatt vg1 design og handverk kan og søkja vg2 barne- og ungdomsarbeid.

Felles programfag du skal ha dette året er:

  • pedagogisk arbeid
  • kommunikasjon og samhandling
  • yrkesliv i barne- og ungdomsarbeidarfag


I tillegg kjem: yrkesfagleg fordjuping, norsk, samfunnskunnskap og kroppsøving.

Fleire detaljar om fag og timetal finn du på vilbli.no.

Vg2 helsearbeidarfag

Samfunnet vårt har bruk for kompetente helsearbeidarar som kan møta pasientar, brukarar og pårørande. Faga som du haddde i vg1 helse og oppvekstfag går du vidare med i vg2 helsearbeidarfag.

Felles programfag du skal ha dette året er:

  • helsefremjande arbeid
  • kommunikasjon og samhandling
  • yrkesliv i helsearbeidarfag


I tillegg kjem yrkesfagleg fordjuping, norsk, samfunnskunnskap og kroppsøving.

Fleire detaljar om fag og timetal finn du på vilbli.no.

To elevar og øvingsdukke

Vegen vidare

Etter to år på skule kan du søka læreplass i godkjende lærebedrifter og få deg fagbrev i eitt av helse- og oppvekstyrka. Det gir deg ei god fagutdanning som opnar døra til mange engasjerande og interessante jobbar. Ønskjer du å studera vidare på høgskule eller universitet, kan du også ta påbygging til generell studiekompetanse. Dette ekstra skuleåret kan du anten gi deg i kast med rett etter dei to åra på helse- og oppvekstfag, eller etter at du har teke fagbrev.