Hopp til hovedinnhold

Rådgjevarane våre

Lurer du på kva du vil bli? Tenkjer du på framtida? Utdanning og yrke? Har du eit konkret problem på skulen eller heime? Eller treng du berre nokon å snakka med? Då kan du ta kontakt med rådgjevarane våre.

Ved Bømlo vidaregåande skule er me som er rådgjevarar støttespelarar for deg som elev i skulekvardagen. Me kan hjelpe til med utfordringar i skulekvardagen og vegen vidare, anten du skal bli lærling eller ta høgare utdanning.

Døme på sosialpedagogiske tiltak kan vera individuelle samtalar eller gruppesamtalar om trivsel og helse, laga til sosiale- og kulturelle treffpunkt for elevane og saman arbeida for det gode skulemiljøet. Me kan også hjelpe til med tilrettelegging i skulekvardagen og vera koordinatorar for andre hjelpeinstansar.

Ved Bømlo vidaregåande skule legg me vekt på å arbeide systematisk med karriererettleiing frå elevane startar på vg1 og til dei har fullført vidaregåande. På vg1 arbeider me med å bli kjent meg seg sjølv, på vg2 har me fokus på å utforska moglegheiter og på vg3 handlar det om å ta val. I samband med karriererettleiing har me eit spanande samarbeid med det lokale arbeidslivet innafor både studiespesialisering og yrkesfag.

Du kan kontakta rådgjevarane på Bømlo vgs ved anten å stikka innom oss på kontoret, ta kontakt på melding på It’s Learning eller ringa til skulen på tlf. 53 42 38 00.

Rådgjevarar

Linda Aga Legøy

rådgjevar, Leite

Andreas Tislavoll

rådgjevar, Rubbestadnes

Elevrettleiar

Inger Anita Urang Rolfsnes

elevrettleiar

Les meir om utdanning og karriere