Hopp til hovedinnhold

Reglar for orden og åtferd

Oversiktsbilde avdeling Leite inne i skulebygget

Les meir om ordens- og åtferdsreglar som gjeld for Bømlo vidaregåande skule.

Det felles ordensreglementet for Vestland gjeld òg for Bømlo vidaregåande skule. Ordensreglementet har som mål at det skal fremja trivsel, respekt og medansvar, i tillegg til god orden, god åtferd og gode arbeidsvanar og slik leggja til rette for god læring.

Vestland har òg sitt eige IKT-reglement som gjeld for alle elevar som bruker fylkeskommunen sine datanettverk, lokale, utstyr, system og programvarer.

I tillegg har Bømlo vgs desse tillegga til skulereglementet:

Parkering

På avdeling Leite kan du parkera bil på elevparkeringsplassen aust for skulebygget (ved treningsbygg) eller nede på Sirkusplassen. Parkeringsplassen ved kantineinngangen er for personalet og skulen sine gjester. Plassen framfor hovudinngangen til skulen (vestsida) er ikkje parkeringsplass for bilar, unntatt etter avtale.

 

Elevturar, ekskursjonar og utplassering

Dersom det i tilknyting til undervisninga vert arrangert elevturar, ekskursjonar eller utplassering, har skulen same ansvar for deg som i ordinær undervisning på skulen sitt område. Du må retta deg etter skulereglementet og dei instruksane du får hos læraren din. Tidspunktet mellom avreise og heimkomst er å sjå på som kontinuerleg skuletid.

Ved reiser til utlandet skal kvar elev som reiser underteikna kontrakt og følgja det spesielle regelverket som gjeld for desse. Slike turar skal godkjennast av opplæringsdirektøren, og det skal arrangerast informasjonsmøte for foreldre / føresette før turen. ( sjå elles vedlegg om gjeldande regelverk for ekskursjonar / utplassering).

 

Kantine, mat og drikke

Du kan ha med nistepakke eller kjøpa mat i kantina. Du skal sjølv rydda etter deg ved å kasta matpapir og anna emballasje i bosskorgene. Brukte tallerkar, krus etc., som høyrer til kantina, skal du setja på tilvist plass etter bruk. Dersom du et på andre stader enn i kantina, skal du sjølvsagt også rydda etter deg. I kantina får du høve til å kjøpa god, sunn mat og drikke. Me oppmodar alle, både elevar og tilsette, om å respektera reglane som gjeld for kantina og kantineområdet. Gruppa med ryddeansvar skal kvar dag, og særleg etter matpausen, kontrollera at det er orden i kantineområdet. Dersom dette ikkje er tilfelle, skal desse elevane rydda vekk ting som ligg utover bord, stolar og golv. Kontaktlærar lagar ansvarsliste, der to elevar har dette oppdraget kvar dag.

 

Undervisningsrom/fellesareal/uteareal

Eit reint og ryddig areal skapar trivsel for alle i skulesamfunnet. Elevane har også ansvar for at det er orden i undervisningsromma (sjå eige reglement). I fellesarealet,til dømes korridorar, Fuglaberget og på biblioteket, skal kvar einskild elev ta ansvar for å rydda opp etter seg, setja ting på plass og kasta avfall på rett stad. Kvar veke har ei gruppe som si oppgåve å rydda rundt skulebygget, langs gangstien til Idrettshallen og i fellesareal inne. Kontaktlærar ser til at oppdraget er skikkeleg utført og kvitterer for dette på ryddelista.

Vis omsyn og rydd opp etter deg, slik at du ikkje lagar ekstraarbeid for andre.

 

Generelle ordensreglar i undervisninga

  • Alle skal ha med seg nødvendig undervisningsmateriell og anna nødvendig utstyr
  • Du skal spørja om løyve dersom du må forlata undervisninga
  • Timefråvær skal varslast på førehand til faglærar eller kontaktlærar
  • Det er frammøteplikt til alle prøvar. Du kan ikkje rekna med at det vert arrangert ny prøve dersom du har vore borte
  • Du skal bidra til at det er arbeidsro i timane
  • Du skal møta presist til timane
  • Fristar og avtalar skal haldast
  • Du skal visa god oppførsel, dette gjeld òg språkbruk.
  • Mobiltelefonen skal vera avslått i timane, på prøvar og under eksamen
  • Høyretelefonar eller anna personleg datautstyr i timane skal berre brukast dersom faglærar gjev løyve til det

 

Reglement ved bruk av PC i undervisninga

  • Faglærar legg føringar for bruk av PC i undervisninga
  • Bruk av program/applikasjonar/maskinvare som ikkje inngår i undervisninga er ikkje tillate
  • Brot på reglementet fører til åtferdsmerknad.

 

Ordensreglar for undervisningsrom

Eleven

  • Alle elevar har ansvar for at det er god orden i klasserommet. Ved prøve har elevane ansvar for å setja pultane enkeltvis, med god avstand, før prøven tek til. Når ein klasse/gruppe forlèt klasserommet, skal pultane plasserast slik som dei stod i utgangspunktet
  • Du skal rydda pulten din og nytta det låsbare skapet ditt til personlege eigedelar (datamaskin, bøker,vassflasker o.a.)
  • Du skal ta fat, koppar og glas attende til kantina. Vasskokar/kaffitraktar er ikkje tillate på klasseromma
  • For å letta reinhaldet skal ranslar/vesker o.l. setjast opp på stolane når du forlèt rommet mellombels for minst ei undervisningsøkt
  • Inventar og utstyr skal brukast med omtanke, og lånt utstyr skal leverast attende på rett stad, t.d. bøker, fotoutstyr, kjøkkenutstyr

Ordenseleven

  • vaskar av tavla etter kvar økt
  • passar på at det er generell orden i klasserommet
  • sørgjer for at bosset er oppi bosskorga og er sortert (papir i papirinnsamlings-boksen!) før skuleslutt, syt for at evt. utstyr blir levert attende til kantina
  • syt for at vindauga er lukka og lyset sløkt ved skuleslutt

Læraren

  • syter for at det er ei ordenselevordning og ser til at ordenseleven gjer plikta si
  • har ansvar for kollektiv opprydding
  • har ansvar for at pultane er sett opp rett på prøvar og at elevane spreier seg i undervisningsrommet, og at pultane vert sett på plass att.
  • har ansvar for at utstyr og bøker som er brukt i undervisninga vert sett på plass

Dersom eit undervisningsrom over lengre tid er prega av rot og slendrian, kan rommet låsast i friminuttane.

 

Rutinar for håndtering av fusk/forsøk på fusk

«Fusk eller forsøk på fusk på prøver (timeprøver, fellesarbeid og/eller avsluttande prøver) vil telje med i vurderinga av karakteren i åtferd. Det vil ikkje bli gitt fagkarakter på prøven. Resultatet på prøven blir annullert. Fusk er å bryte reglane for hjelpemiddelbruk. Det betyr at dersom eleven t.d. hentar noko frå nettet når læraren har sagt at nettet ikkje skal brukast, er det fusk. Plagiat er å hente noko frå nettet eller andre kjelder utan å oppgje kor det er henta frå. Då viser eleven låg måloppnåing, og oppgåva kan få ein låg fagkarakter.» (§10 Forskrift om felles ordens- og åtferdsreglement ved dei vidaregåande skulane)

Målsetjing

Bømlo vidaregåande skule har som målsetjing å vera ein skule utan fusk. Elevane våre skal vera trygge på at dei får ei rettferdig vurdering av prøvar, heimearbeid og fellesarbeid som er med i vurderingsgrunnlaget for termin-, standpunkt- og eksamenskarakterar.

Rutinar for å forhindre fusk
  • Kontaktlærar og faglærar gjennomgår med elevene om kva fusk er og konsekvensar av fusk
  • Elevane sit med ryggen til under prøvar med digitale hjelpemiddel
  • Som hovudregel går elevane ikkje ut av klasserommet under prøvar
  • Elevane leverer inn mobiltelefonar og smartklokker ved kvar prøve
  • Elevane sit ein og ein
  • Lærar stenger internett eller delar av internett ved digitale prøvar
Konsekvensar ved fusk/forsøk på fusk
  • Faglærer skriv merknad på åtferd
  • Faglærar tar kontakt med kontaktlærar som sender varsel om nedsett åtferd, evt. også varsel om IV i faget (pga. manglande vurdering i faget)
  • Faglærer tar elev med til rektor
  • Eleven har ikkje krav på ny prøve
Reaksjonsmåtar ved fusk ved eksamen

«Eksamen i eit fag kan annullerast dersom eleven har fuska eller forsøkt å fuske ved eksamen. Dette gjeld også dersom det er sensorane som oppdagar fusk eller forsøk på fusk. Spørsmålet om annullering av eksamen i faget skal avgjerast av rektor sjølv. Eleven skal ha høve til å uttale seg munnleg før rektor fattar enkeltvedtak om annullering av eksamen. Eleven har likevel rett til å fullføre eksamen på eksamensdagen (jf. forskrift til opp-læringslova §3-37, 4. ledd). Enkeltvedtak om annullering av eksamen kan påklagast til Statsforvaltaren i Vestland. For elevar som får ek-samen annullert på grunn av fusk eller forsøk på fusk, fell standpunktkarakteren bort (jf. forskrift til opplærings-lova §3-37, 5. ledd). Dersom eksamen blir annullert på grunn av fusk eller forsøk på fusk, kan kandidaten gå opp til eksamen i faget som privatist tidlegast eitt år etter den annullerte eksamen (jf. forskrift til opplæringslova §3-37, 4. ledd). Fusk eller forsøk på fusk på eksamen vil få konsekvensar for karakteren i åtferd.»
(§11 Forskrift om felles ordens- og åtferdsreglement ved dei vidaregåande skulane)