Kantina til Bømlo vgs lokasjon Leite ligg i 1. etasje der det er rikeleg med sitjeplassar. I kantineområdet er det òg mogleg å spela ulike spel.
Kantina er ein populær møteplass for alle elevar. Før skulestart blir det om morgonen servert gratis skulefrukost her. Kantina er open for sal av mat og drikke fram til lunsj dei fleste dagar. Du kan betala med kort eller kontant.
Bømlo vaksenopplæring driftar kantina.
I kantineområdet er det rikeleg med sitjeplassar, og det er òg mogleg å spela spel her. Skulen har eit utval av kort- og brettspel fritt tilgjengeleg. Det nye bordtennisbordet vårt i 1. etasje er òg eit populært tilbod.