- Elektro og datateknologi
- Helse- og oppvekstfag
- Naturbruk
- Påbygging til generell studiekompetanse
- Studiespesialisering
- Teknologi- og industrifag
- Tilrettelagt opplæring

Trivsel og læring hand i hand!
Bømlo vgs er ein moderne og framtidsretta skule med eit variert fagtilbod. Me tilbyr ei rekkje yrkesfaglege- og studieførebuande utdanningsprogram, samt undervisning i tilrettelagte grupper. Bømlo vgs er skulen som set trivsel og læring i høgsetet. Slagordet vårt er: Trivsel og læring hand i hand!
Rosa dag 1. oktober
Rosa dag vert markert som ein del av Rosa sløyfe-aksjonen. Denne dagen kler mange seg i rosa for å visa støtte til dei som er ramma av brystkreft, og for å skapa merksemd om sjukdomen. Målet er å spreia kunnskap, visa solidaritet og samla inn pengar til forsking på brystkreft.
12. oktober er TORO-dagen!
Bømlo vgs har i mange år hatt eit prosjekt der me støttar Toro Babies Home i Uganda økonomisk. Barneheimen tek imot barn i alderen 0 til 7 år. Me håpar at flest mogleg vil støtta prosjektet ved å tilby elevar arbeid på «Toro-dagen». Minstebeløpet for å ha ein elev i arbeid éin dag er 400 kroner.Aktuelle saker
Bømlo vgs vert MOT-skule
Når elevane kom tilbake til Bømlo vidaregåande førre veke, møtte dei ein skule med auka fokus på tryggleik og fellesskap. Skulen vår er no blitt MOT-skule og satsinga skal i første omgang rettast mot Vg1-elevane. Dei skal gjennom seks MOT-økter i løp...

Avslutning med russen
Det vart ei stemningsfull og minnerik avslutning for avgangselevar og lærarar i den vakre Amfisalen i Moster Amfi. Me kjem til å sakna dykk alle! Takk for kjekke år!

Løp For Livet-dagen
Russen og avgangselevane på Bømlo vgs arrangerte i går eit svært så vellukka Løp for livet-arrangement til inntekt for Kreftforeininga! Mange høgdepunkt, både skjemt og alvor, fekk me vera med på innandørs i hallen!
