Hopp til hovedinnhold

Her finn du oss

Kart som viser kor du finn skulen

Frå 1. august 2022 vart Rubbestadnes vgs og Bømlo vgs slått saman.

Bømlo vidaregåande skule er plassert på to lokasjonar, den eine på Leite, nær Svortland sentrum, mens den andre er plassert på Rubbestadneset.

Bømlo vgs, lokasjon Leite
Besøksadresse: Leitedåvane 8
Postadresse: Postboks 163, 5445 Bremnes
E-post: post.bov@vlfk.no
Telefon: 534 23800

Bomlo-vgs-SSF-13083_1080.jpg

Skulebygget på Leite er hovudbase for utdanningsprogramma studiespesialisering, helse- og oppvekstfag, påbygging til generell studiekompetanse, kombinasjonsklasse og tilrettelagt opplæring.

Bygget her er plassert i eit fint miljø med barneskule, ungdomsskule og idrettsanlegg like ved. Kring skulen finn ein flotte turterreng.

Leite.jpg

 

Bømlo vgs, lokasjon Rubbestadneset
Besøksadresse: Austbøvegen 16
Postadresse: Austbøvegen 16, 5420 Rubbestadneset
E-post: post.bov@vlfk.no
Telefon: 534 23800

Unitech Teknologisenter.jpg

Det nye Unitech Teknologisenter på Rubbestadneset er hovudbase for elektro og datateknologi, naturbruk og teknologi- og industrifag. Bygget stod klart januar 2023.

Begge bygga ligg sentralt i høve til offentleg kommunikasjon.