Elektro og datateknologi

Tre elevar skrur på elektrisk utstyr.

Elektro og datateknologi er ei yrkesfagleg utdanning der du mellom anna lærer om installasjon og vedlikehald av elektriske og elektroniske system. Du går 2-3 år på skule før du kan søkje læreplass. Du kan ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Kvifor velja elektro og datateknologi?

Er du praktisk anlagt og nysgjerrig på elektrisk utstyr og elektroniske system? Likar du å yta god service? Elektro og datateknologi gjev mange moglegheiter fram mot eit spanande yrkesval. Nesten alt vi omgjev oss med til dagleg er avhengig av straum for å fungera. Det vil difor alltid vera behov for fagfolk for eksempel innan straumforsyning, boligar, industri, fly, skip, tog, køyretøy osv.

Kva kan du bli?

Her er det mange moglegheiter! Du kan for eksempel bli elektrikar, elektroreperatør, energioperatør, energimontør, tavle-, signal- eller heismontør, avionikar eller flymekanikar, romteknolog, data- eller produksjonselektronikar, automatikar eller FU-operatør (fjernstyrte undervassoperasjonar), kulde- og varmepumpemontør ... og mykje meir.

Me tilbyr:

Vg1 elektro og datateknologi
Vg2 elenergi og ekom
Vg2 automatisering
Vg3 automatiseringsfaget

Vg1 elektro og datateknologi

På elektro og datateknologi kan du blant anna læra å byggja stereoforsterkarar, montera lys og varme, antenneanlegg, alarmanlegg og porttelefonar, brannalarmanlegg og ringeanlegg. Du lærer å kopla automatiserte motoranlegg og bruka simuleringsprogram på data. 

Felles programfag du skal ha dette året er:

  • elektroniske kretsar og nettverk
  • energi- og styresystem


I tillegg kjem: yrkesfagleg fordjuping (YFF), matematikk, engelsk, naturfag og kroppsøving.

Fleire detaljar om fag og timetal finn du på vilbli.no.

Vg2 elenergi og ekom

Når du går vg2 elenergi og ekom, skaffar du deg eit utgangspunkt for å verta elektrikar. Du lærer å arbeide med elektriske lågspenningsanlegg, elektrisk utstyr og elektriske installasjonar som blir brukt til distribuering og forbruk av elektrisk energi. Dette kan gjelda bustadhus og andre bygningar, men òg industri og store installasjonar. Du lærer teori om korleis ein produserer elektrisk energi i ein kraftstasjon, og korleis ein fører straum fram til brukaren.

Du kan verta «vanleg elektrikar» som installerer anlegg på land, eller du kan verta t.d. maritim elektrikar (skipselektrikar). Laksevåg og Bergen maritime vgs og Karmsund vgs i Haugesund har kurset vg3 maritim elektrikar, som byggjer på vg2 elenergi og ekom.

Felles programfag du skal ha dette året er:

  • elenergi og styresystem
  • elektronisk kommunikasjon


I tillegg kjem: yrkesfagleg fordjuping (YFF), norsk, samfunnskunnskap og kroppsøving.

Fleire detaljar om fag og timetal finn du på vilbli.no.

Vg2 automatisering

Du kan søka spennande jobbar når du har utdanning på vg2-nivå i automatiseringsfaget. Du lærer om produksjon av styrings- og fordelingstavler til industri og skipsfart som tavlemontørlærling, eller du kan verta lærling i det spennande FU-operatørfaget (fjernstyrte undervassoperasjonar – ROV). Mange held fram på vg3 automatiseringsfaget (sjå under).

Faga du skal ha dette året er:

  • automatiseringssystem
  • elenergisystem

I tillegg kjem: yrkesfagleg fordjuping (YFF), norsk, samfunnskunnskap og kroppsøving.

Fleire detaljar om fag og timetal finn du på vilbli.no.

Vg3 automatiseringsfaget

Dette skuleåret lærer du meir om funksjonalitet, tryggleik og god produktkvalitet for landbasert industri, sjøfart og olje- og gassproduksjon offshore. Du vil få kompetanse innan automatiserte system i olje- og gassindustrien, prosess- og verkstadindustrien og i andre verksemder. Her vil du læra å gjera informasjonssøk, produsera teknisk underlag for system og einingar og gi hjelp til feilretting. Det betyr også å programmera, konfigurere, feilsøke og dokumentere ved hjelp av digitale verktøy.

Felles programfag dette året vil vera:

  • automatiseringssystem
  • mekanisk arbeid
  • elenergisystem

I tillegg kjem: yrkesfagleg fordjuping (YFF) og kroppsøving.

Fleire detaljar om fag og timetal finn du på vilbli.no.

Elevar styrer robot

Vegen vidare

Etter to år i skule kan du søke læreplass i godkjende lærebedrifter. Har du gått vg3 automatisering, vert læretida kortare. Ønskjer du å studera vidare på høgskule eller universitet, kan du også ta påbygging til generell studiekompetanse. Dette ekstra skuleåret kan du anten gi deg i kast med rett etter at du er ferdig med elektro og datateknologi, eller etter at du har teke fagbrev.