Hopp til hovedinnhold

IKT-kontoret

IKT-kontoret på Leite. Thomas og Vegard sit bak pc-skjermar.

På IKT-kontoret kan du få datahjelp dersom det skulle bli problem med PC-en din.

Vegard er IKT-konsulent ved Bømlo vgs og er ansvarleg for den vanlege IKT-drifta på skulen. Dette omfattar nettverk, AV-utstyr, smartmobilar, nettbrett, printarar, servarar og PC-utstyr. Han kan mellom anna hjelpa deg med med problem på internett og programvare som skulen tilbyr.

IKT-konsulenten har kontorplass på Leite på rom C206 (inst i C-fløya i andre etasje), og rykkar ut til Rubbestadneset ved behov.

Du kan også melda sak, så tar IKT-konsulenten kontakt med deg: https://elevhjelp.vlfk.no

Elev-PC
Alle elevar nyttar privat datamaskin på skulen. Er den skada eller treng service, må du sjølv kontakta leverandøren du kjøpte maskina frå.

Dersom du kjøpte PC gjennom Vestland si ordning, finn du all informasjon du treng på https://www.vestlandfylke.no/utdanning-og-karriere/elev/elevpc/

IKT-konsulenten kan ikkje hjelpa med reperasjon eller reinstallasjon av operativsystem, men vil sjølvsagt gi deg gode råd.

Elevar som går på følgande utdanningsprogram må nytta datamaskin med Windows:

Vg1 elektro og datateknologi
Vg2 elenergi og ekom
Vg2 automatisering
Vg3 automatiseringsfaget
Vg1 teknologi- og industrifag
Vg2 industriteknologi
Vg2 maritime fag

Nyttige lenker
Skoleportalen
Aktivere konto, endre passord eller finne brukarnamn
Utskriftssystem
Vestland si elev-pc ordning
Komme i kontakt med IKT-konsulent

Kontaktinformasjon IKT-konsulent
Telefon: 53 42 38 16
E-post: vegard.saglien@vlfk.no