Hopp til hovedinnhold

Tilrettelagt opplæring

Elev med gul regnjakke er ute i regnet og plukkar bos

Vi tilbyr tilrettelagt opplæring for elevar som har behov for det. Opplæringa er knytt opp mot eit utdanningsprogram og tar utgangspunkt i dei faga, eller delar av faga, som eleven kan meistre. Eleven får eit kompetansebevis som viser kva mål i læreplanen som er gjennomført.

Kvardagslivstrening

Kvardagslivstrening er eit tilbod til elevar med særskilde behov. Elevane får tilrettelagt undervisning tilpassa kvar einskild sine føresetnader. Elevane skal vera ein del av skulefellesskapet, og me legg til rette for dette så langt råd er. Elevane deltek på ulike aktivitetar tilpassa kvar einskild elev.

Me legg opp til eit tett samarbeid med foreldre/føresette og andre aktørar som har ansvar i samband med elevane våre.

Me legg vekt på:

  • bruk av IKT
  • song og musikk
  • å gje elevane våre ein strukturert og oversiktleg skulekvardag
  • å gje den einskilde eleven rom for å arbeida i sitt eige tempo
  • å «sjå» kvar einskild elev sine behov og utviklingspotensiale