Karriererettleiing

Bømlo vidaregåande skule jobbar systematisk med karriererettleiing. Me tilbyr individuell rettleiing og grupperettleiing i klassane. Rådgjevarane har hovudansvaret. Kontaktlærar vil ta temaet karriere opp i elevsamtalar, og faglærar vil ta opp temaet knytt til sitt fag. Skulen samarbeider tett med arbeidslivet på Bømlo.

Ungdomrett

Ungdom som har fullført grunnskulen eller tilsvarande opplæring, har lovfesta rett til tre års vidaregåande opplæring (ungdomsrett). I nokre lærefag er opplæringstida lengre enn tre år. Då har du rett til den opplæringstida som er fastsett for faget.

Du må bruka retten i løpet av ein samanhengande periode på fem år når heile opplæringa skjer i skule, og innan seks år når heile eller deler av opplæringa skjer i lærebedrift. Heile retten må brukast innan utgangen av det året du fyller 24 år.

 

Vidaregåande opplæring

Det finst ulike vegar for å oppnå studieførebuande- og yrkesfagleg kompetanse på vidaregåande skule sitt nivå.

Lærling og lærekandidat

Dersom du tar sikte på å avlegge fag- eller sveineprøva i eit lærefag og bli lærling, kan du inngå lærekontrakt med ei lærebedrift. Opplæringskontora har eit stort nettverk av lærebedrifter som dei samarbeider med i opplæringa av lærlingar. Informasjon om desse kontora og bedriftene finn du på nettsida til opplæringskontorene.

Det er ulike vegar å gå for å nå fram til ein yrkesfagleg kompetanse. Dette gjev gode moglegheiter til at du kan velje det studieløpet som passar deg. Er du praktisk orientert, kan kanskje praksiskandidat- eller lærekandidatordninga vera rett veg for deg. Er du meir teoretisk orientert, ønskjer du kanskje å gå tre år på vidaregåande skule.

Programfag og ulike programområde på vidaregåande skole sitt nivå, kan du lesa mer om på vilbli.no si nettside.

Dersom du tar sikte på en mindre omfattende prøve enn fag-/svenneprøve, kan du inngå opplæringskontrakt med en lærebedrift. Då er du lærekandidat og tek en kompetanseprøve ved avslutta opplæringsløp.

Hvis det i løpet av læretida viser seg at du likevel kan oppnå full yrkeskompetanse, kan opplæringskontrakten endrast til ordinær lærekontrakt med fag-/svennebrev som mål. Du må ha godkjenning frå yrkesopplæringsnemnda for å gjera dette.

Som lærling skal du delta aktivt i både opplæringa og verdiskapninga i lærebedriften. Du har rett til å få den opplæringa som læreplanen fastset. Samstundes har du plikt til å delta aktivt for å nå opplæringa sine mål, og til å delta i planlegginga og vurderinga av ditt eige læringsarbeid.

Du må møta til den fag-/svenneprøven lærebedriften melder deg opp til.

Læretida er avtalt i lærekontrakten din ut frå ei normal arbeidstid i faget. Du er arbeidstakar i lærebedriften med dei rettar og plikter som finnest i lover og tariffavtale, bl.a. når det gjeld arbeidstid, ferie og fridagar.

Full opplæring i bedrift

Du kan ta full opplæring i bedrift. Opplæringstida blir då 4 år i dei fleste fag og du må sjølv finne ei godkjend lærebedrift som vil ta ansvar for opplæringa. I denne ordninga må du ta fellesfag og programfag på skulen undervegs i læretida.

Studiekompetanse

For å kunne studere på høgskole eller universitet må du ha generell studiekompetanse som er det faglege grunnlaget for å søke opptak til universitet og høgskule. Studiekompetanse i seg sjølv gjev ingen garanti for at du kjem inn. Du må òg ha gode nok karakterar i ut frå dei krav som universitet og høgskular stiller. Du kan oppnå generell studiekompetanse ved å fullføra og bestå Vg1, Vg2 og Vg3 frå følgande utdanningsprogram:

  • Idrettsfag
  • Musikk, dans og drama
  • Studiespesialisering
  • Medier og kommunikasjon (studiespesialisering Vg3)
  • Naturbruk (studiespesialisering Vg3)
  • Et yrkesfaglig utdanningsprogram (Vg1 og Vg2 eller oppnådd yrkeskompetanse) + Vg3påbygging til generell studiekompetanse


Nokre studier stiller i tillegg krav om spesiell studiekompetanse. Det vil i dei fleste tilfelle seie at du må ha hatt spesielle programfag. Enkelte studier har òg opptaksprøvar.

All søking til vidaregåande opplæring skjer på vigo.no

Søknadsfristar:
1. februar for særskild-søkarar, søkarar med behov for spesialundervisning og lærekandidater.

1. mars for ordinære søkarar til skule og bedrift.

 

Folkehøgskule

Alle folkehøgskular er ulike. Kva som passar best for deg bør du undersøka nøye før du bestemmer deg.

Folkehøgskulane har ulike fagkombinasjonar på linjene sine. Nokon skuler har linjetilbud der alle er knytta til eitt og same fagområde som f.eks. media, friluftsliv, musikk eller teater. Andre skular har eit mer samansett og breiare fagtilbod og kan ha eit linjetilbod som inneheld t.d. dans, film, teater, kunst, idrett og friluftsliv på ein og same skule. 

Uansett linjetilbod har dei fleste skulane eit stort spekter av valfag innan ulike fagområde slik at du kan sjølv velja om du vil spesialisera deg innan eit fagområde eller prøva litt forskjellig.

Folkehøgskulen er i utgangspunktet for alle og krev ikkje meir enn at du er motivert for eit år på folkehøgskole og sender inn ein søknad. Eit fåtall folkehøgskular opererer  med opptakskrav dersom dei har fag som krev eit visst ferdighetsnivå. Då er dette oppgitt på fagsida.

Eit folkehøgskuleår kostar i gjennomsnitt 75.500 kroner. Dei rimelegaste linjene kostar ca 60.000 kr, mens dei dyraste ligg på omlag 100.000 kroner. Utgifter til reiser kan koma i tillegg. Undervisninga er gratis. Det du betaler for er kost og losji, materiell, ekskursjonar og reiser.

Ønskjer du å vita meir om folkehøgskuletilbodet så les på nettsida til folkehøgskulane.

 

Rettleiingstenesta

Rettleiingstenesta skal hjelpa med å skaffa læreplass dersom ein ikkje sjølv klarar å få ein kontrakt med ein bedrift. Dei skriv og lærekontrakten.

Rettleiingstenesta på Stord, Sævegen 21, Leirvik. Tlf. 53402040

Lærebedrift i Vestland

Som lærebedrift er du med på å sikra rekrutteringa av fagarbeidarar i fylket. Her finn du aktuelle tenester og informasjon.

Lærebedrifter, opplæringskontora og fagopplæringskontoret har kvar sine funksjonar samtidig som dei utfyller kvarandre.

  • Lærebedriftene er ansvarlege for opplæringa i læretida.
  • Opplæringskontora er lærebedrifter som organiserer seg med utgangspunkt i faga dei kan tilby. Opplæringskontora tar seg av rekruttering og oppfølging av lærlingane hos sine medlemsbedrifter.
  • Fagopplæringskontoret er ein del av fylkesadministrasjonen og administrerer lærlingeordninga på vegne av fylket.
Lærebedrifter i Vestland

Du finn oversikt over opplæringskontor og godkjente lærebedrifter på vilbli.no.

NOR - Nasjonalt register for opplæringskontor

NOR inneheld informasjon om einingar som er registeret i Virksomhets- og Foretaksregisteret. Opplæringskontora i NOR inneheld og informasjon om kva fylkeskommune som har godkjend opplæringskontoret (Dette er informasjon som kjem frå VIGO). NOR vil og samla historikk om endringar på einingane. Det betyr at dei vil samle på informasjon om opplæringskontor som går ut/vert lagd ned.

 

Privatist

Ønskjer du å ta opp fag i vidaregåande skule? Dette kan du gjera ved å melda deg opp som privatist. Eksamenskontoret i Hordaland har ansvaret for eksamen for privatister.

Privatistar er sjølv ansvarlege for eiga opplæring og undervisning, og må sjølv melda seg opp til eksamen.

Oppmelding til eksamen kan skje i perioden 1. - 15. september og 1. januar - 1. februar.

Skal du bestilla kompetansebevis eller vitnemål er fristen 20.juni.

Privatist i Vestland fylkeskommune

 

Høgare utdanning

Høgare utdanning omfattar universitets- og høgskuleutdanning og bygger normalt på eksamen fra treårig vidaregåande opplæring.

Samordna opptak har ansvar for å administrere opptak til universitet og høgskule. Gjennom Samordna opptak kan du både senda inn søknad, sjå dine elektroniske vitnemål og sjekka om du er kvalifisert til studia du ønsker å ta.

Lenker
Generell studiekompetanse

Dette er dei vanlegaste vegane som gjer at du er kvalifisert til å studera ved universitet og høgskular.

1.  Fullført 3-årig vidaregåande: Du har fullført og bestått 3-årig vidaregåande opplæring som gjev generell studiekompetanse.
2.  Fagopplæring med fagbrev eller svennebrev: Du har gjennomført fagopplæring, samt fullført og bestått studiekompetansefagene.
3.  23/5-regelen: Du fyller minst 23 år i opptaksåret, har minst 5 års utdanning eller yrkespraksis, samt fullført og bestått studiekompetansefagene.  

Søknadsfristen er 15. april.

Samordna opptak

Vurderer du å studera på offentleg høgskule eller universitet, søker du deg inn via nettsøknaden på Samordna opptak si heimeside.

Fristen for å søka er 15. april for ordinære søkarar. Sjå nettsida til Samordna opptak for søknadsfristar for grupper som kan søke på andre vilkår.

På Samordna opptak si heimeside kan du finna linkar til bestemte fagområde, fagplanar og utdanningsstader. Du kan finna informasjon om kor dei ulike studiene finst, kva slags karakterar du må ha for å komma inn, og kva som er opptakskrava til dei ulike studiene. Mange studier krev meir enn generell studiekompetanse. Det er viktig at du tidleg sjekkar ut kva fag du må ha for å komma inn på det studiet du ønsker å studera. Les mer om dette på nettsida til Samorda opptak.

Det finst mange private høgskular som har eigne opptak. Dette finn du informasjon om på den enkelte skule si heimeside.

Søknadsfristar til høgare utdanning

Kunnskapsdepartementet har fastsett at for opptak til grunnstudium ved universitet og høgskular må alle søkarar med norsk fødselsnummer bruka elektronisk identitet fra MinID for å registrera søknad på internett. For søkarar uten norsk fødselsnummer vil det vera ei anna løysing på nettsøknaden.

1. mars - fristen gjeld for :

  • Alle søkere til Politihøgskolen.
  • Søkere til luftfartstudiet ved Universitetet i Tromsø.
  • Søkere med dokumenterte grunner for tidlig opptak.
  • Søkere med dokumenterte grunner for særskilt vurdering.
  • Søkere til IB-utdanning ( International Baccalaureate )
  • Søkere med videregående utdanning fra land utenfor Norden.
  • Søkere med realkompetanse som opptakskrav.

Hugs ordinær søknadsfrist 15. april!

Nettsøknaden er open i tida 1.februar kl. 09:00 - 15.april kl. 23:59

Nettsøknad og søkarinformasjon, samt oversikt over universitet og høgskulane, finn du på nettsida til Samordna opptak.

 

Studium i utlandet

Det finst uendeleg mange moglegheiter for å studera og arbeida i utlandet. Eit utanlandsopphald kan ha mange fordelar. Å læra deg eit nytt språk og å få forståing for andre kulturar, gjer deg meir attraktiv på arbeidsmarknaden som blir meir internasjonal.

Ute i verda finst det og mange fleire studie- og yrkesmoglegheiter enn her heime. Du har difor moglegheita til å spesialisera deg i akkurat det du ønsker å drive med. Kanskje finn du den perfekte jobben eller det perfekte studiet for deg i USA eller Japan? Å arbeida eller studera i utlandet kan bli både spennande, morosamt og krevande. Ikkje berre blir du kjend med ein heilt ny kultur og fleire nye menneske, men du blir også betre i eit framandspråk samstundes som du får moglegheita til å bu ein stad du kanskje aldri ville ha budd elles.

Kva tid er det best å søke til studier i utlandet?

Ansa anbefalar deg å starta søkeprosessen helst eit år før du planlegg å reisa. Det tar tid å søke, eventuelt ordna visum, gjennomføra opptakstester og språktester, oversetta og evaluera attester og karakterar, og finne ein stad å bu. 

Søknadsfristane varierer frå land til land og frå lærestad til lærestad. Finn du ikkje landet du ønsker å studere i lista under, gå direkte til skulen sine nettsider og sjekk fristen.

I dag kan du velje å studera praktisk talt kor du vil i heile verda, og det finst ei heil rekke ulike kurs og utdanningar å velja mellom.

Det finst og mange ulike aktørar som sit på nyttig kunnskap om det å studera i dei ulike landa. Du kan anten reisa via ein organisasjon som formidlar skuler i utlandet, eller så reiser du heilt på eiga hand. Då søker du direkte til det universitet eller den høgskolen du vil studera på.

Meir informasjon om utdanningssystema i andre land finn du på  nettsidene til ANSA og Nokut.

Dersom du vil finna ut om Lånekassen gjev støtte til ei spesiell utdanning, eller ein spesiell studiestad, kan du sjekke dette ut hos Lånekassen.Lånekassen gir òg støtte til vidaregåande opplæring i Norden. Det vil seia at du vel skule og studieretning, og søker deretter om støtte. Lånekassen kan i utgangspunktet ikkje gje støtte til vidaregåande opplæring utanfor Norden, men det er gjort ein del unntak.