Hopp til hovedinnhold

Samarbeid skule-heim

Fuglaberget på Leite der foreldre sit og høyrer på eit foredrag

Skulen ønskjer eit tett og godt samarbeid med føresette.

Bømlo vgs skal halda kontakt med føresette til elevar som ikkje er myndige gjennom heile skuleåret. Ved oppstart vil alle elevar gjennomføra ein startsamtale med kontaktlærar. I tillegg vil kontaktlærar ein gong på hausten og ein gong på våren ha ein elevsamtale. Her kan føresette få moglegheit til å vera med.

Foreldremøte

Skulen har foreldremøte for Vg1 og Vg2 tidleg i skuleåret. På desse møta vert det gjeve informasjon frå skulen si leiing og frå kontaktlærarane.

Me vil oppmode foreldre/føresette om å komma på foreldremøtet for å få informasjon og vere i dialog om eleven si utvikling.

Karakterar

Elevar finn karakterane i VIS. Foreldre/føresette har innsyn i karakterane til barna sine via innlogging i VIS.

Varsel

Føresette til elevar som ikkje er myndige skal få munnleg eller skriftleg:

  • Varsling om eleven sitt fråvær.
  • Varsling dersom det er fare for at det ikkje er grunnlag for vurdering i fag eller dersom det er fare for at eleven kan få nedsett karakter i orden eller åtferd.
  • Informasjon om eleven og føresatte sine rettar etter opplæringslova og forskrifta.
  • Anna viktig informasjon om eleven, med mindre denne er underlagt teieplikt etter anna lovgjevnad.