Hopp til hovedinnhold

Skuledagen

Trappene opp til tredjeetasje på Leite

Her finn du informasjon om skuledagen ved Bømlo vgs.

Skuledagen startar klokka 07:55 og varer til klokka 15:00. Timeplanen vekslar annakvar veke som A-plan og B-plan, og i begge planane er faga lagt ut på fire dagar (måndag til torsdag). Kvar dag er delt inn i 5 økter à 75 minutt.

Fredag er fagdag, der elevar og lærarar får tid til å arbeida med eitt spesielt fag eller tverrfaglege større opplegg, ekskursjonar, heildagsprøvar eller fellesaktivitetar for heile skulen. Ein fagdag har fire økter, og er ferdig klokka 13:20. Eit ”femtimarsfag” får 5 slike fagdagar og eit ”tretimarsfag” 3 fagdagar i året. Dei fredagane der elevane ikkje vert oppsette med fagdag, har dei fri. Merk at enkelte andre dagar i løpet av året kan bli brukte som fagdag i tillegg til fredagane.

Siste økta kvar onsdag har alle lærarar i full stilling møtetid. Då har elevane fri.

  • 1. økt: 07.55 - 09.10
  • 2. økt: 09.20 - 10.35
  • 3. økt: 10.45 - 12.00
  • 4. økt: 12.25 - 13.40
  • 5. økt: 13.45 - 15.00

 

Du finn oppdatert oversikt over timeplanen din i Visma InSchool (VIS).