Hopp til hovedinnhold

Råd og utval

Elevrådsstyret sit rundt eit bord med kvit duk

Ved skulen har me ulike råd og utval som skal sikra elevmedverknad og god kvalitet på skuledrifta, mellom anna skulemiljøutvalet, arbeidsmiljøutvalet (AMU), elevrådet og klasselærarråd.

Skulemiljøutvalet

Skulemiljøutvalet skal arbeida for eit godt skulemiljø ved å systematisk og kontinuerleg ha fokus på det fysiske og psykiske miljøet til elevane ved Bømlo vidaregåande skule. Dette vil ein oppnå ved å ha jamnlege møter, der det fysiske og psykiske miljøet vert sett på sakskartet. Miljøskapande og førebyggjande arbeid vert og sentrale tema for dette utvalet.

Rektor, sosialrådgjevar og kontorfullmektig er faste medlem i skulemiljøutvalet. Dei representerer høvesvis skuleeigar og leiinga. I tillegg vert det kvar haust valt inn fire elevar frå elevrådsstyret som skal representere elevgruppa ved Bømlo vgs., slik at elevane vert i overtal i dette utvalet, jf. §11 – 5a.

Skulemiljøutvalet skal haldast orientert om hendingar, planar og vedtak som vedkjem skulemiljøet, og har rett til å uttale seg i alle slike saker. Leiinga ved skulen har ansvar for å informere om saker som kan vera viktig og av interesse for utvalet. Det vert og naturleg å trekkja elevrådet ved Bømlo vidaregåande skule inn i dette arbeidet.

Ein av elevane som sit i skulemiljøutvalet vert og valt inn i Arbeidsmiljøutvalet. Her vil eleven representera elevgruppa ved skulen, og ha høve til å komma med innspel og synspunkt både når det gjeld det fysiske og det psykososiale miljøet sett frå elevane si side.

Elevrådet

Elevrådet er ein viktig arena der elevane sjølve får ta opp og uttala seg om saker som opptek dei. Elevrådet er elevane sitt lokale demokrati ved skulen. Elevrådet er eit viktig organ som fungerer som eit talerøyr for elevane sine saker også når det gjeld det fysiske og psykososiale miljøet.

Elevrådet jobbar systematisk og kontinuerleg med saker knytt til førebyggjande arbeid, helse, tryggleik, læring, mobbing, trivsel m.m. Elevrådet har møte om lag ein gong kvar månad. Elevrådet er viktig for skulen og blir lytta til. Til dømes er det nye bordtennisbordet kome på plass etter initiativ frå elevrådet.

Elevrådsstyret 2022/23

Leiar: Beate Sørvik Torkelsen (3PÅB)
Nestleiar: Marianne Steinsvåg Tollaksvik (3STB)
Sekretær: Teodor Gilje (2AUTA)
Kasserar: Erik Nesse (3STA)
Medlem: Karan Abedi (1TPA)
Medlem: Jonathan Olsson (2MARA)
Varamedlem: Thilde Irene Heldal Brendesæter (2HEA)
Varamedlem: Solveig Aamodt (2MARB)