Skulehelsetenesta

Skulehelsetenesta er eit tilbod til alle elevane på skulen. Du kan sjølv gå til helsesjukepleiar om du har spørsmål eller treng nokon å snakke med. Skulen har òg tilbod om psykolog.

Rettleiingstenesta

Bømlo vidaregåande skule er tilknytt OT (oppfølgingstenesta) og PPT (den pedagogisk-psykologiske tenesta) for Sunnhordland på Stord. Rettleiingstenesta er på skulen onsdagar og elles ved behov. 

Skulen har følgjande kontaktpersonar hjå OT/PPT:

OT: Kari Prestbø Skaar, rådgjevar tlf: 53 40 20 40 / 452 96 502 
PPT: Eva Camilla Bergo, rådgjevar tlf: 53 40 20 40 / 489 96 215

Oppfølgingstenesta (OP) i Vestland
Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) i Vestland

Ressursgruppa

Ressursgruppa er ei tverrfagleg kompetansegruppe som har eit særleg ansvar for tilrettelegging for elevar som treng det. Gruppa skal og arbeida med førebyggjande tiltak for alle elevar, og for utvikling av eit godt læringsmiljø. Rektor leier gruppa. Ressursgruppa ved Bømlo vidaregåande skule har møte onsdagar.

Skulehelsetenesta

Helsesjukepleiar: Øyvind Marsteen, tlf.: 92 66 68 68
e-post: oyvind.marsteen@bomlo.kommune.no
Han er på skulen kvar måndag og onsdag og har kontor i elevtenesta. Du kan avtala på It's Learning å møta han.

Psykolog: Øivind Johnsen
e-post: oivind.johnsen@vlfk.no
Han er på skulen kvar måndag og har kontor i elevtenesta. Du kan avtala på It's Learning å møta han.

Elevane kan òg nytta helsestasjon for ungdom hjå Bømlo kommune.

Kva kan du ta opp?

Du kan snakke med helsesjukepleiar og psykolog om alt, blant anna:

  • bekymring for helsa, eller vanskar på skulen eller heime
  • hjelp til å byrja å trena, eller på andre måtar leva sunnare
  • vanlege plager hos ungdom
  • vanskar med å sova
  • vanskelege tankar
  • prevensjonsrettleiing, til dømes resept på prevensjonsmiddel