Hopp til hovedinnhold

Historie - Gamle Bømlo vidaregåande skule

Skulebygget på Leite sett utanifrå

Starten var i 1972. Då heitte me Bømlo gymnasklassar og hadde status som filial under Stord Gymnas. Første året hadde filialen ein kombinert klasse med ca 30 elevar fordelt på realline og engelskline. Etter kvart vart to parallellar på kvart årssteg normalsituasjonen.

Frå starten av var det berre to tilsette. Det vart supplert med faglærarar frå Bremnes ungdomsskule etter behov. I 1974 fekk skulen eigen dagleg leiar, Kjell Ulltang, og eigen rådgjevar, Knut Wegner Meling. Dei to hadde vore med frå starten. All undervisning gjekk føre seg i Bremnes ungdomsskule sine lokale. Der måtte ein dela på det meste, både lærarrom, arbeidsrom og alt det skulen hadde av hjelpemiddel, jamvel også kontordama! Men alle var entusiastiske og såg verdien av at bygda hadde fått eige gymnas og slapp å senda ungdommane til Stord eller Bryne eller endå lenger vekk for å skaffa seg utdanning. Difor gjekk samarbeidet lett og problemfritt både kolleger imellom og i høve til kommunale styresmakter. Skulesjef Simon Ommedal og skulestyrar Håkon Randal ”sponsa” oss i stor grad med papir, skrivebøker og anna rekvisita, og ved oppstarten fekk skulen Kr 1000.- til handbøker samt ein ny Facit skrivemaskin av kommunen. Rektor Harald Slettebø ved moderskulen på Stord hadde også godhug for dei smålåtne bømlingane og gav oss det utstyret me hadde bruk for etter kvart som me bad om det. I 1976 fekk me vårt første eige bygg, ei brakke med to klasserom og eit grupperom, bygd av Bømlo kommune og leigd ut til fylkeskommunen.

Sjølvstendig status fekk me i 1979 som kombinert skule med namnet Bømlo vidaregåande skule. Roy Fjellanger, som hadde vore inspektør/dagleg leiar sidan 1976 vart tilsett som rektor. Med seg i leiinga fekk han Knut Wegner Meling (undervisningsinspektør) og Kjell Olav Skaret (studieinspektør).

I følgje vedtak i Fylkestinget 28.03.1979 skulle det plasserast ein kombinert vidaregåande skule på Svortland med studieretning for allmenne fag, hushaldsfag og handel- og kontorfag. Det vart no bygd endå ei brakke. I tillegg fekk me leiga underetasjen i forretningsbygget til Sigurd Sortland på ”hi sio tå veien”. Denne vart ominnreidd til to klasserom og eit undervisningskjøkken for ein hushaldsklasse som til då hadde vore administrert av Rubbestadnes yrkesskule.

Sidan den tid har skulen vore i stendig vekst og utvikling sjølv om det i periodar har gått litt i ”rykk og napp”. I 1982 vart det oppretta ein klasse i grunnkurs kokk-servitør-husstell. I 1985 vart det etablert ein grunnkursklasse i handel- og kontorfag. Frå hausten 1990 fekk skulen ei spesialgruppe (4-gruppe) i studieretning for hushaldsfag. I 1991 fekk me ein tredje parallell på allmennfag, og året etter kom det første vidaregåande kurset på yrkesfag: VKI barnepleiar.

I tillegg til ordinær undervisning har skulen så og seia frå starten av drive aktivt innan vaksenopplæring. Me har vore fristilte til å driva oppdragsverksemd som kursleverandør av ulike typar vaksenopplæringskurs. Sjølv om me etter kvart fekk bygd endå ei brakke og overtok heile det nemnde forretningsbygget, blei tilhøva med omsyn til fagrom, konferanserom, arbeidsrom for lærarar etc. så dårleg at det til tider nærma seg det kritiske. Difor kom det som ei stor lette for alle partar då fylket gjorde vedtak om bygging av ny skule våren 1993. På dette tidspunktet hadde dessutan fylkeskommunen engasjert seg i delfinansiering av den nye Bømlohallen, noko som hadde skaffa skulen førsteklasses kroppsøvingstilhøve i det same området der den nye skulen skulle liggja.

Til skulestart i 1995 stod den nye skulen ferdig – eit praktfullt bygg som kom til å representera eit tidskille for skulen, men i tillegg også for bygda som no hadde fått ei ny ”storstove” både til opplæring og til kulturelle føremål. I denne samanhengen sømer det seg i høgste grad å ta med det lokale næringslivet. Som resultat av eit spleiselag, kunne dei saman med kommunen overrekkja skulen eit flygel som innviingsgåve! Dette har me hatt stor glede av. I dag er skulen etablert som eit landemerke i bygda, eit funksjonelt og moderne skulebygg som inviterer til trivsel og læring.