Hopp til hovedinnhold
Kollasj med elevar i ulike aktivitetar. To gutar med styringspanel, ei jente som luktar på rosa væske, glade elevar som smilar, og jente som jobbar med apparat.

Velkomen til Bømlo vidaregåande skule!

Bømlo vgs er ein moderne og framtidsretta skule med eit variert fagtilbod. Me tilbyr ei rekkje yrkesfaglege- og studieførebuande utdanningsprogram, samt undervisning i tilrettelagte grupper. Bømlo vgs er skulen som set trivsel og læring i høgsetet. Slagordet vårt er: Trivsel og læring hand i hand!

Undervisningsevalueringa 2025-26

-informasjon til elevar og føresette

Me treng eksamensvakter

Me ynskjer å koma i kontakt med deg som ynskjer å vera eksamensvakt våren 2026. Dette passar for deg som har noko datakunnskap og som er tilgjengeleg i heile eksamensperioden, mai og juni. Ring skulen på 54 42 38 00 innan 10.02.2026 om du er interessert, så inviterer me deg til ein prat.

Aktuelle saker

16.12.2025

Volleyballdag 2025

Volleyballdagen rett før jul er ein lang og populær tradisjon ved Bømlo vgs. Også i år vart det mange kampar og god stemning i hallen! Best av alle vart til slutt ELa, som vann over ELb i finalen. Me gratulerer!

Stor aktivitet i hallen på volleyballdagen
02.12.2025

Fagdag i Stongarvågløypa

Fredag 28.nov. hadde 1TPC og 1TPD fagdag i kroppsøving i Stongarvågløypa. Temaet var " Friluftsliv for alle".

31.10.2025

Basar for Toro Babies Home

Mange hadde møtt fram for å støtta skulen sitt Toro-prosjekt. Det vanka i tillegg mykje god bakst!

Basar og mykje folk i kantina på Bømlo vgs