Russen og avgangselevane på Bømlo vgs arrangerte i går eit svært så vellukka Løp for livet-arrangement til inntekt for Kreftforeininga! Mange høgdepunkt, både skjemt og alvor, fekk me vera med på innandørs i hallen!
Ute vart stafetten gjennomført i strålande vårver! Aller mest stråla vg1 elekto, som vann suverent! Me gratulerer vinnarane og takkar Russen for eit flott arrangement!

Hedda og Leah ønskte velkomen til den store dagen.

Rektor takka russen for innsatsen som kjem mange til gode!

Det var stinn brakke og godt organisert!

Åsmund vart invitert til å spela med russen!

Russen dansar på scena til stor glede for dei frammøtte.


Kiosksal til inntekt for kreftsaka.

Der gjekk startskotet for stafetten!

Dei siste metrane inn mot mål var tunge!
