Hopp til hovedinnhold

Bømlo vgs vert MOT-skule

Når elevane kom tilbake til Bømlo vidaregåande førre veke, møtte dei ein skule med auka fokus på tryggleik og fellesskap. Skulen er vorte MOT-skule og satsinga skal i første omgang rettast mot Vg1-elevane. Dei skal gjennom seks MOT-økter i løpet av året. Ved skulestart blir det arrangert ein «hei-kampanje» med aktivitetar som skal inkludera alle. Det vert i tillegg raud løpar og MOT-effektar. Målet er at MOT etter kvart skal omfatta heile skulen. Tysdag fekk alle lærarane opplæring i MOT-temaet, j.f.r. bileta.

MOT er ein ideell organisasjon som arbeider med førebyggjande og haldningsskapande program i skulen. Målet er mellom anna å gjera ungdomane meir robuste og styrka motstandskraft. Målet er å skapa eit skulemiljø der alle er inkluderte. Les meir om MOT.

mot2.jpeg