Tyskelevane på vg2 studiespesialisering var 16. til 20. april i Berlin på ein vellukka studietur.
Dei var på språkskule kvar føremiddag kor alt gjekk føre seg på tysk med ein engasjert lærar, Manana. På ettermiddagane var det program med lærarane, og elevane hadde sjølv førebudd guiding på tysk forskjellige stadar i Berlin.

Brandenburger Tor.

Elevane var på språkskule kvar føremiddag på die deutSCHule og hadde ein veldig kjekk og engasjert lærar, Manana.

Döner (kebab)-lunsj på rådhustrappa i Karl-Marx-Straße ved språkskulen.

Alle elevane guida kvarandre på tysk forskjellige stadar i Berlin. Her ved Holocaust-minnesmerket.

Utandørsmuseum over Berlinmuren i Bernauer Straße.

East Side Gallery (1,3 km langt utandørs galleri på restar av Berlinmuren).

Stasifengselet Hohenschönhausen fra DDR-tida gjorde sterkt inntrykk på alle.