Vår nye rektor, Tor Inge Kalstad, ønskte over 360 elevar velkomne til eit nytt år med meistring. Stinne brakker både i Rubbestadneset og på Leite lovar godt for det nye skuleåret!

Flagget til topps idet parkeringsplassen for mopedar vert fylt opp.

Full tribune i Rubbestadneset.

Spente elevar i Fuglaberget på Leite.

Pippi sitt motto er slett ikkje noko dårleg utgangspunkt!
Kjære elevar: Lukke til med nytt skuleår!
Me ynskjer Dykk alle vel og lovar at De skal få henta ut Dykkar potensial!
.....og hugs: Gje aldri opp: https://www.youtube.com/watch?v=KL9qp0FNEzU