Hopp til hovedinnhold

Morsmålsdagen 2023

Elevane samla i fellesarealet

Tysdag denne veka inviterte kombiklassen ved Bømlo vgs elevar frå innføringsklassen på Bremnes ungdomsskule for å feira morsmålsdagen. Den internasjonale morsmålsdagen vert markert årleg den 21. februar over heile verda. Målet er å fremja språkleg og kulturelt mangfald.

Kombiklassen serverte vaflar og arrangerte ulike aktivitetar. Mellom anna vart det arbeidd med å omsetja Bømlo kommune sitt slagord til fleire språk («Driftige folk i vakker natur»). Vidare fekk ein læra om verdien av å kunna fleire språk. Alt i alt eit flott høve til å gjera dei språklege ressursane i lokalmiljøet synlege.

Nedanfor ser du bilete frå arrangementet.  

Elev i kombiklassen.

Ismail og Ahmad (under) går i kombinasjonsklassen på Bømlo vgs.

328393662_717211779950415_1313178153316314478_n.jpg

 

Rebecca.png

Rektor snakka om verdien av å kunna fleire språk.

Lokalet er pynta til mormålsdagen.

I høve arrangementet var det fint pynta, som her med dekorative plakatar.

328073091_1224452794842701_5767769657199887042_n.jpg