Mange besøkande tok turen innom Leite og Rubbestadneset då det blei arrangert open skule i går.
Dei som tok turen innom Bømlo vgs i går, anten på Leite eller Rubbestadneset, fekk moglegheita til å bli kjente med dei ulike fagtilboda skulen tilbyr, og dei fekk treffa elevar og lærarar. I tillegg var representantar frå næringslivet og kommunen på plass.
Før gjestane kom på besøk, fekk elevar og tilsette pizza av skulen. Det smakte godt på det som blei ein lang dag.
Dei ulike fagområda på Leite hadde laga til eigne rom der der det var mogleg å få nyttig informasjon om faga skulen tilbyr. Her er me på realfagsrommet til studiespesialisering.
På språk- og samfunnsfagrommet var det mogleg å snakka med elevar som har faga engelsk, tysk, spansk, psykologi, sosiologi og sosialkunnskap.
Breiddeidrettgjengen fekk mange besøk av ungdomsskuleelevar som kunne tenka seg å begynna på studiespesialisering med breiddeidrett som programfag.
På helse- og oppvekstfagrommet fekk gjestar demonstrert noko av det elevane her jobbar med.
Representantar frå næringslivet og kommunen var på plass.
Løp for livet fekk assistanse av elevar i vg1 studiespesialisering til å sitta i kiosken. Takk til dei elevane (og føresette) som hadde bakt kake! Alle inntekter går til Kreftforeiningen.
I tillegg til å få seg noko godt i kiosken, kunne ein kjøpa heimestrikka sokkar og andre klede til inntekt for Toro Babies Home i Uganda.
Òg på Rubbestadneset var det godt besøkt på open skule. Mange tok turen innom for å finna ut meir om elektro og datateknologi, naturbruk og teknologi- og industrifag.
Foto: Tommy Kvarsvik, Eline Lindøe Nitter, Per Titlestad og Susanne Løkling