Torsdag var det ei felles informasjonsøkt for alle på skulen, der TORO Babies Home i Uganda sitt arbeid vart presentert. Dette er ein opptakt og ei førebuing til TORO-dagen den 2. november, og denne dagen skal alle elevane arbeida til støtte for barneheimen. TORO-dagen er vårt operasjon dagsverk. Lukke til!

Dei to elevane, Teodor og Alfred, reiste til Uganda i juni i år. Dei fortalde om opphaldet i barneheimen og synte film frå turen. Ingen tvil om at dei hadde ei minnerik oppleving!


Elevrettleiar Inger Anita står i bresjen for TORO-dagen og gjer ein stor innsats for prosjektet!

Representantar frå "Barn trenger foreldre" (BTF) understreka kor viktig elevane sin innsats er for drifta av barneheimen. BTF er den største sponsoren til barneheimen, og Bømlo vgs er den viktigaste bidragsytaren til BTF. Det er me stolte av!

Åge er ein av veteranane i TORO-prosjektet og tidlegare tilsett ved Bømlo vgs.

TORO Babies Home er ein fargerik stad!
