Hopp til hovedinnhold

God sommarferie!

Heile skulen samla seg i Fuglaberget på Leite for å ønska kvarandre god sommarferie!

IMG_1581.jpg

Ein av dei som hadde lyst til å ønska dei andre elevane god sommar og samtidig takka for fine år på Bømlo vgs, var Haval Hussein Mashaan.

IMG_1582.jpg

Løp for livet har òg dette skuleåret stått på for å samla inn pengar til kreftsaka. Takk til alle som har bidratt!

IMG_1583.jpg

Elevane som har vore i Malaga og Berlin no i vår, viste fram film med litt av det dei fekk vera med på.

IMG_1585.jpg

Før fellesarrangementet begynte i Fuglaberget kl 9, hadde kvar klasse sitt eige opplegg i klasseromma. Her blei dei utfordra til å skriva eit sommardikt, eller ein sommarsong. Dette blei framført for resten av skulen etterpå.

IMG_1587.jpg

Let's Twist again!

IMG_1588.jpg

Elevrådsstyret fortalde om kva dei har jobba med i løpet av skuleåret.

IMG_1589.jpg

Etter at rektor Tor Inge Kalstad hadde ønska elevane god sommarferie, var det klart for is!

God sommar!