Det blei to friske skuledebattar då ungdomspolitikarar diskuterte alt frå skulepolitikk til klima, først i Rubbhallen og så på Leite. Debattleiarane Bjarte og Mats hadde likevel full kontroll.
Kommunestyre- og fylkestingsvalet nærmar seg, samtidig som elevane skal stemma når det snart er skuleval. I samband med dette blei det arrangert skuledebatt og valtorg i to omgangar på Bømlo vgs i dag – først for elevane på Rubbestadneset og så for elevane på Leite.

Det blei ein frisk debatt der representantar frå sju ungdomsparti stilte: Sosialistisk Ungdom, AUF, Senterungdommen, KRFU, Unge Venstre, Unge Høgre og FpU.

Fullsatt sal i Rubbhallen der den første debatten fann stad.

Engasjerte ungdomspolitikarar var ikkje redde for å ta i bruk mange slags verkemiddel. Her var det mykje for elevane å læra om debatteknikk og retorikk.

Debatten blei leia av Mats Rissmann-Bredesen (2MARA) og Bjarte Notland Tjensvoll (2STA) som hadde full kontroll på det som skjedde.

Etter lunsj blei dagens andre debatt arrangert, denne gong på Leite.

Etter at kvart parti fekk innleia med ein opningsappell, dreidde debatten seg om temaa skulepolitikk, klima, samferdsel og psykisk helse.

Etter avslutningsappellen, var det moglegheit for elevane å stilla spørsmål til partia i valtorget.
Takk for ein interessant debatt, og godt val!
Foto: Andreas Tislavoll og Tommy Kvarsvik