Hopp til hovedinnhold

Flott avslutningsfest for avgangselevane

Avgangselevane fekk ei flott avslutning på 13 års skulegang då dei samla seg på HiSio i går kveld.

IMG_1554.jpg

Rektor Tor Inge Kalstad var ein av de som heldt tale for elevane.

IMG_1551.jpg

Morten Helland starta skuleåret som avdelingsleiar for studiespesialisering, før han i haust blei ordførar i Bømlo kommune. I går var han på plass på HiSio og hadde mange kloke ord å seia til avgangselevane.

IMG_1555.jpg

Elevane nytta òg høvet til å takka lærarane sine for året. Marit Djønne har hatt påbyggsklassen i både norsk og naturfag dette året.

IMG_1552.jpg

Inga Sortland Svanheld har vore kontaktlærar for 3Sta og hadde mange fine ord å seia om elevane sine, som i tillegg fekk kvar si rose.

IMG_1564.jpg

Avgangselevane på studiespesialisering.

IMG_1557.kopi.jpg

Avgangselevane på vg3 automatisering var òg med på festen. På vegne av klassen takka Teodor lærarane sine for året.

IMG_1578 copy.jpg

Avgangselevane samla.

Sigve sin tradisjonsrike avslutningsquiz blei det sjølvsagt òg tid til.

Lykke til vidare med studium, militæret, jobb, reiser og andre ting de måtte finna på!