Hopp til hovedinnhold

Ein maritim skuledag

KNM Steil ved kaien på Rubbestadneset

Torsdag vart det ein uvanleg skuledag for mange av elevane på Bømlo vgs. Dei fekk vera med på å feira 150 årsjubileum for den norske MTB-greina i marinen. Elevane fekk god omvising på ulike fartøy nede på kaien i Rubbestadneset. I tillegg fekk dei høyra mykje om utviklinga til MTB (missiltorpedobåt), samt lokal krigshistorie.

Det var omvising på ubåtjagaren KNM Hitra, og missiltorpedobåten KNM Steil. I telthallen på land stod det verna MTB-fartøyet, KNM Skrei.

Hitra.jpg

Ubåtjagaren KNM Hitra, som er ein av tre ubåtjagarar som den norske marinen fekk av USA i 1943.  

Steil 2.jpg

Elevar på KNM Steil, som har eit mannskap på 16 og ein toppfart på 60 knop.

Propell.jpg

Det verneverdige skipet KNM Skrei vart plassert hos forskings- og utviklingssenteret til Unitech på Rubbestadneset for eit par år sidan. KNM Skrei er ein trebåt, og ein av dei siste i sitt slag.

Fordragshaldar.jpg

I auditoriet hadde Jan Tore Nilsen føredrag om MTB og krigshistorie til dei ulike klassane. Her fortalde han om historia til MTB-ar gjennom 150 år, deriblant KNM Skrei. I tillegg fekk me høyra om operasjon Cartoon, som fann stad i januar 1943 i samband med gruvene på Litlabø i Stord.