Tyskklassen var veka før påske på den tradisjonelle turen til Berlin saman med Inger Anita og Eline. Dei besøkte kjente landemerke med lærarane om formiddagane og elevane guida kvarandre på nokre av desse.
Klassen vitja mellom anna utandørsmuseet over Berlinmuren i Bernauer Straße og stasifengselet Hohenschönhausen. Om ettermiddagane var det språkskule, med hovudvekt på munnleg aktivitet, før litt fritid og felles måltid om kvelden. Elevane fekk også prøva å ta seg fram med diverse banar i storbyen utan lærarane, og måtte dokumentera med bilde at dei fann fram til dei aktuelle stadane.

Besøk i Stasi-fengselet Hohenschönhausen med ein flink historikar som fortalde sterke historier frå fengselet.

Klassen samla og med ein klar bodskap på T-skjortene!

East Side Gallery – den lengste bevarte delen av Berlinmuren, der internasjonale kunstnarar har bidrege sidan gjenforeininga i 1990.

Utflukt til den gamle flyplassen Tempelhof med språklæraren Jendrik .

Ein del av den bevarte dødssona i Bernauer Straße med originalt vakttårn.

God utsikt i nydeleg vêr i kuppelen på Riksdagen, med audioguide som fortalde om alt ein kan sjå derifrå.

Brandenburger Tor – den einaste byporten i Berlin som er att.

Elevane ser inn på dødssona som låg mellom murane i Bernauer Straße.

Die deutSCHule.
