Torgtimen er ein god, gammal tradisjon ved Bømlo vgs. Torsdag i 3. økt var det duka for ein ny time med ulike innslag, song og premiering. Arrangementet var og ei 30-års markering. Det er no 30 år sidan me flytta inn det flotte skulebygget på Leite. Det vart ein torgtime i rosa drakt!
Dei aller fleste hadde følgd oppmodinga og funne fram ulike rosa plagg til støtte for Rosa sløyfe-aksjonen. I Norge står Kreftforeningen og Brystkreftforeningen bak aksjonen, og mange skular, arbeidsplassar og organisasjonar markerer dagen med rosa klede, rosa sløyfer og ulike aktivitetar.




Torbjørn leia torgtimen.

Sigve mimra om tida før bygget på Leite vart teke i bruk.

Åsmund Nesse song eigne songar.

Premiering av vinnarane på aktivitetsdagen.

Laget som vann morgon-quiz.

Argentina vann fotballturneringa!

Løp for livet-komiteen.

Russestyret!