Hopp til hovedinnhold

Oppstart Løp for Livet

Representant frå Kreftforeningen informerer elevane på Bømlo vgs

Kreftforeininga vitja sist tysdag Bømlo vgs for å markera starten på årets Løp for Livet aksjon! Bodskapen frå foreininga var krystallklar: Kvar einaste innsamla krone er eit steg nærare Kreftforeininga sin visjon: «Eit liv utan kreft».

Gjennom forsking, samfunnspåverknad og kreftomsorg arbeider foreininga kvar dag, kvar time og kvart minutt for at færre skal få kreft og at fleire skal overleva sjukdommen. Løp for Livet på Bømlo vgs har alt no samla inn over 200 000 kr! Me heiar på dykk i den vidare kampen mot kreft! Lukke til!

4.jpeg

Jo fleire, dess betre!

5.jpeg

Ta vel imot elevane våre den 15. mars!