Hopp til hovedinnhold

God sommarferie!

Elevar og lærarar sit samla i Fuglaberget på Leite og ser på ein video på storskjerm

Elevane på Leite samla seg i Fuglaberget for å ønska kvarandre god sommarferie!

IMG_3384.jpg

Mens elevane med hovudbase på Rubbestadneset markerte der at det no er sommarferie, samla alle elevane med hovudbase på Leite seg i Fuglaberget for felles avslutning før sommaren.

IMG_3387.jpg

På programmet stod det mellom anna Super Combo!

IMG_3388.jpg

Det blei òg visning av ein del videoar. Tyskelevane og spanskelevane viste film frå då dei var på språktur til Berlin og Malaga i vår, mens breiddeidrettselevane viste noko av det dei har gjort dette skuleåret. Det samme gjorde elevane på helse- og oppvekstfag.

IMG_3389.jpg

På morgonen hadde klassane på Leite skrive sommardikt til diktkonkurransen som blei arrangert i samband med avslutninga. Men først måtte alle dikta bli lesne opp.

IMG_3391.jpg

Tredjeklassingane hadde allereie hatt si eiga avslutning tidlegare i veka, men Eirik og Malin stilte likevel opp for å fortelja om jobben Løp for livet har gjort dette skuleåret.

IMG_3392.jpg

Etter ein sommarquiz var det rektor Tor Inge Kalstad sin tur til å ønska elevane god sommar.

IMG_3394.jpg

Det same ville avdelingsleiar på helse- og oppvekstfag Lene Agasøster ...

IMG_3395.jpg

... og avdelingsleiar på studiespesialisering Linda Aga Legøy.

IMG_3397.jpg

Siste post på programmet før sommarferien: is!

IMG_3398.jpg

Nam! God sommarferie!