Hopp til hovedinnhold

Pengespel på agendaen

I slutten av november hadde politibetjentane Torbjørn Lodden og Kristoffer Isachsen, ungdomskontaktane Marianne Lidal og Marianne Undheim, kommunepsykolog Øivind Johnsen og helsesjukepleiar Linn Therese Olaussen eit føredrag om pengespel for elevar på Bømlo vidaregåande skule.

Gambling er eit aktuelt tema. Ei anonym meiningsmåling gav tal på kor mange av ungdommane i salen som spelar med pengar, og kva dei då spelar:

graf.jpg
Kva spel.jpg


Det vart snakka om korleis ungdomshjernen er sårbar og lett påverkeleg for dopamin, som hjernen produserer ved gambling. Og korleis dette kan utarta seg til avhengigheit. Det vart og peika på at tida ein brukar på gambling, er tid som blir «stelt» frå til dømes tid med familie, vener, trening og lekser, og at ein må vera seg dette bevisst. Ungdommane fekk sjølve reflektera over korleis dei kan verna om kvarandre for ikkje å hamna i spelegjeld. Det dei enda opp med, som ein god tommelfingerregel, var å seia nei til kvarandre dersom nokon ynskte å låna pengar til gambling. Dei fleste av ungdommane i salen er under 18 år, og ein del av dei fortalde at dei fekk låna vaksne sine kontoar for å spela om pengar på nett. Politiet opplyste om at dette er ulovleg.

Om du som føresett eller ungdommen din ynskjer nokon å prata med når det kjem til utfordringar med gambling eller spel generelt, er det berre å ta kontakt:

kontakt.jpg