Hopp til hovedinnhold

Flott avslutning for avgangselevane

Lærar og elevar frå 3STa samla på ein scene

Avgangselevane fekk ei flott avslutning på 13 års skulegang då dei samla seg på HiSio onsdag kveld.

IMG_3338.jpg

Kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter, som sjølv har vore elev ved Bømlo vgs, ønska elevane lykke til med studium og andre ting – og velkommen tilbake til Bømlo til dei som skal reisa vekk.

IMG_3339.jpg

Avgangselevane hadde funne fram finstasen. Bunad, kjole og dress var på!

IMG_3340.jpg

Lærarbordet.

IMG_3341.jpg

God stemning rundt borda på HiSio, som hadde hadde pynta og gjort det fint til avslutningsfesten.

IMG_3343.jpg

Jan Peter og Jakob stod for underhaldninga. Gi ungdommen litt straum, og dei finn fram el-gitaren!

IMG_3345.jpg

Avdelingsleiar på studiespesialisering Linda Aga Legøy takka for tre fine år.

IMG_3346.jpg

Ingunn Røstbø har vore kontaktlærar for 3STa, og heldt ein flott tale for elevane sine. "Ver raus, og inkluder alle", var bodskapen.

IMG_3347.jpg

Elevane i 3STa fekk både rose og eit kort som minne om tida på Bømlo vgs.

IMG_3352.jpg

Heile gjengen frå 3STa samla.

IMG_3355.jpg

Eirik takka på vegne av 3STa lærarane for dei tre åra som elev på Bømlo vgs.

IMG_3358.jpg

Ingunn var svært nøgd med den flotte gåva ho fekk av klassen sin – ei heimestrikka ulljakke.

IMG_3359.jpg

Marit Djønne har vore norsklærar i påbyggklassen dette året, og ville ønska elevane sine lykke til på ferda vidare.

IMG_3360.jpg

Kontaktlærar i påbygg Torbjørn Hammersland hadde òg førebudd nokre ord til klassen sin.

IMG_3361.jpg

Det blei sjølvsagt òg rose på påbyggselevane.

IMG_3365.jpg

Påbyggsgjengen samla.

IMG_3369.jpg

Runar Aga har vore lærar for avgangselevane i vg3 automasjon, og takka klassen for tida saman.

IMG_3370.jpg

Automasjonselevane fekk òg med seg ei rose på vegen.

IMG_3373.jpg

Den kjekke gjengen frå vg3 automasjon samla.

IMG_3374.jpg

Ein spontan tale frå automasjonselevane blei det tid til.

IMG_3375.jpg

Rektor Tor Inge Kalstad hadde mange lovord å seia om elevane.

IMG_3376.jpg

Løp for livet-styret fekk litt ekstra merksemd, vel fortent etter kjempejobben dei har gjort dette året. Fantastiske 612 000 kroner blei samla inn til Kreftforeininga.

IMG_3377.jpg

Mayouran er ein dei som har gjort ein flott jobb for Løp for livet dette året.

IMG_3378.jpg

Det synlege beviset på Løp for livet sin innsats – ein attest som dei kan ta med seg vidare.

IMG_3379.jpg

3STa inviterte til allsong om lærarane.

IMG_3380.jpg

Sigve sin tradisjonsrike avslutningsquiz blei det sjølvsagt òg tid til.

IMG_3382.jpg

Ein framifrå gjeng. Me kjem til å sakna dykk!