På fredag hadde studiespesialisering vg1, vg2, vg3 og påbygg, fagdag i kroppsøving. På programmet stod det fotballturnering, og fokus var på god innsats, samarbeid og inkludering.

Lag "Argentina" med elevar frå alle trinna stakk til slutt av med sigeren.

Løp for Livet hadde kiosksal til inntekt for kreftsaka.
Det vart som forventa ein veldig kjekk dag med supre elevar og sol frå skyfri himmel! Sjå fleire glimt frå turneringa nedanfor:











