Fredag 28.nov. hadde 1TPC og 1TPD fagdag i kroppsøving i Stongarvågløypa. Temaet var " Friluftsliv for alle".
Me hadde natursti der dei skulle løysa ymse oppgåver undervegs, som å finna namn på kartet med appen "Norgeskart friluftsliv", namn på ulike typar tre med appen "Artsorakel", gjera greie for bålreglar og spor i naturen osv. Deretter tente me bål ved gapahuken og grilla pølser. Terapihunden Ludde var med og såg til at alt gjekk greitt for seg.
Alle var einige om at det hadde vore ein fin tur!!

TPC og TPD på tur.

Pølsegjengen!

Bygutane.

Gapahuk-karane.

Ludde i Stongarvågen.
