Bømlo vgs vil tilby faget Breiddeidrett frå skuleåret 2022/2023. Me vil også tilby det til elevar på VG1. Timefordeling: 3 timar ved skulen - 2 timar dokumentert trening i regi av idrettslag/klubb med trenar.
Introduksjon
Bømlo vgs vil tilby programfaget Breiddeidrett skuleåret frå 2022/2023. Tilbodet vil vera eit samarbeid mellom skulen og idrettsklubbar som har treningar der elevar kan dokumentera trening, logg og oppfølging frå trenar i minimum 2 timar per veke gjennom skuleåret. Idrettsklubbar som er aktuelle for tilbodet må ha eit godt organisert tilbod.
Bakgrunn
Som skule ser me at det er eit ønskje frå fleire om å kunne fortsetja trening og satsing på sin idrett samstundes som ein går på skulen. Breiddeidrett gir moglegheit til å gjera litt meir av trening, samstundes som ein får eit fullverdig programfag på studiespesialiserande. Breiddeidrett 1 kan inngå som eitt programfag i vitnemålet og vil slik kunne gje noko enklare timeplan totalt, om ein har breiddeidrett på VG1.
Organisering
Elevane frå Vg1 studiespesialiserande utdanningsprogram får tilbod om faget Breiddeidrett 1. Dette vert også mogleg å velja som programfag i VG2 og VG3. Vilkåret er at elevane deltek i organisert idrett i eit idrettslag/klubb som har samarbeidsavtale med skulen.
Bømlo vgs har fagleg ansvar, og skal utarbeide årsplanar, planlegge innhald i opplæringa og setje karakter i faget. Dette skal gjerast i samarbeid med ekstern trenar/idrettslag. Gruppene/ trenarane tek ansvar for å rettleia, følgja opp den enkelte elev på trening og skriva treningsdagbok. Eleven skal sjølv føra treningslogg.
Ved skulestart skal lærar ved Bømlo vgs møte aktuelle trenarar i samarbeidande idrettslag/klubbar og presentera eit framlegg til årsplan i faget. Dette er innhaldet i avtalen som både skulen og leiar idrettslag/klubb signerer . I tillegg signerer dei enkelte trenarane ein avtale.
Opplæring og vurdering i faget
Ein oppfyller krav til årstimetallet i faget breiddeidrett 1 ved å gje opplæring i faget tilsvarande 140 årstimar. Med opplæring meiner vi aktivitetar som er oppfyller dei samla kompetansemåla i faget. I tillegg vert det forventa at elevane gjer for- og etterarbeid knytt til opplæringa.
84 av årstimane er lagt til timeplanfesta tid på skulen, medan 56 timar er lagt som aktivitet utanom skuletid.
Faglærar vurderer elevane ut frå dei samla kompetansemåla i læreplanen. Det vert laga årsplan i faget, og det vert sett krav til at elevane leverer inn treningslogg som skildrar kva aktivitetar som er gjennomført, eigenevaluering og målsetjingar for treningsaktiviteten. Det vert i stor grad lagt vekt på elevmedverknad. Det er faglærar som har ansvar for at elevane får gjennomført eit allsidig utval aktivitetar og ikkje mist viser ferdigheiter i desse gjennom varierte arbeids- og vurderingsformer.