Mange hadde møtt fram for å støtta skulen sitt Toro-prosjekt. Det vanka i tillegg mykje god bakst!
All grunn til å vera nøgd med frammøtet og loddsalet. Åresalet gjekk og strålande!

Hilde og Nina frå organisasjonen som driv Toro Babies home, fortalte om drifta av barneheimen og takka for støtta frå Bømlo vgs og Bømlosamfunnet.

Allle basarar med respekt for seg sjølv har servering!

Mange flotte gevinstar for heldige vinnarar!

Det vart ei triveleg stund kring borda i skumringstimen.
