Hopp til hovedinnhold

Kombinasjonsklasse

Lærar underviser to elevar som arbeider

Dette er eit tilbod for deg som er mellom 16 og 24 år, og som treng meir grunnskuleopplæring før ordinær vidaregåande opplæring. Du får opplæring i grunnskulepensum over eitt eller to år, der du avsluttar med grunnskuleeksamen.

Kvifor velja kombinasjonsklasse?

Minoritetsspråklege kan få opplæring på Bømlo vidaregåande skule i kombinasjonsklasse før oppstart i vanleg vidaregåande opplæring. Du kan få plass sjølv om du er over 24 år.

Dette er eit eittårig skuletilbod til minoritetsspråklege med kort butid i Noreg. Kurset passar for deg som treng å styrkja kompetansen i norsk og norske grunnskulefag før du tek til på vg1 i vanleg vidaregåande opplæring. 

Målet med kombinasjonsklassen er å gi minoritetsspråklege elevar større mogelegheiter til å gjennomføra ordinær vidaregåande opplæring.

Kurset strekkjer seg over eitt skuleår med 30 skuletimar undervisning per veke. Me bruker mest tid på norskopplæring og andre fellesfag. I tillegg får du læra om utdanningssystemet og ulike yrkesval.

Kombinasjonsklasse er eit samarbeid med Bømlo vaksenopplæring.

Kombinasjonsklasse

Du skal ha undervisning i desse faga:

  • norsk
  • engelsk
  • matematikk
  • samfunnsfag
  • naturfag
  • kroppsøving
  • utdanningsval
Elevar i kombinasjonsklassen arbeider med oppgåver

Vegen vidare

Etter å ha fullført eittårig kombinasjonsklasse, er du betre førebudd på kva som er forventa i vidaregåande skule, som du kan søka deg inn på etterpå.