Elevar kledd i rosa fekk høyra om Toro-prosjektet.
To gode og viktige saker: Åge Mortensen, Hilde Bratland Cseresnyes og Tore Magnussen frå Children need Parents var på besøk på skulen i går for å fortelja om Toro Babies Home i Uganda som elevar og tilsette kvart år samlar inn pengar til. Kvar elev skal på Toro-dagen, som i år er torsdag 3. november, samla inn minimum 400 kroner ved å skaffa seg ein jobb og gjera ein innsats for andre. Barneheimen i Uganda og barna der er heilt avhengig av bidraget frå elevane på Bømlo vgs. Bømlo vgs sender òg jamnleg elevrepresentantar til Uganda, og me satsar på å senda to elevar til Uganda i juni 2023.
I Fuglaberget sat elevane kledd i rosa i samband med Kreftforeningen og Brystkreftforeningen sin Rosa sløyfe-aksjon for 2022 som har som mål å visa solidaritet med brystkreftramma og støtta livsviktig forsking på brystkreft. Les meir om aksjonen og korleis du kan støtta.
Løp for Livet delte òg ut premie til nokre av dei som var kledd i rosa i dag, i tillegg til at dei hadde kiosksal til inntekt for kreftsaka. Me er stolte av den flotte ungdommen vår som er så engasjerte og samfunnsbevisste!