I dag vart det arrangert trafikkdag for Vg2- og Vg3-elevane ved Bømlo vidaregåande skule. Dagen starta med foredrag og informasjon i kinosalen på Bømlo kulturhus. Deretter fekk elevane demonstrert ein kollisjon i 80 km/t. Etterpå kunne ein vitja ulike stasjonar på lokasjon Leite som alle hadde fokus på eigen trafikktryggleik.
Prosjektleiar Per Ove Sercan Husevik ønskte velkomen og fekk opp stemninga i salen!
Kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter minna oss på å bruka refleks.
Det vart vist refleksfilmvinnarar frå i fjor.
Psykolog Trond Haukedal hadde ei klar oppmoding til alle: "Skal ein meistra presset, lyt ein bli kvitt stresset!"
På ein stasjon kunne ein få oppleva bilvelt, der ting vart snudd på hovudet!
Ein bråstopp er alltid ubehageleg, sjølv ved låge hastigheiter!
Politiet demonstrerte utstyr
som nokre fekk prøva.
Demonstrasjon av promillebriller!
Foredrag ved Trygg Trafikk.