Det blei ei flott juleavslutning for heile skulen i dag!
Siste skuledag før juleferien samla heile skulen sin i Fuglaberget på Leite for felles juleavslutning med julesong, julenovelle, premieutdeling, gitarspel, Kahoot ... og ikkje minst julegraut!
Lærar Ingunn Røstbø las julenovelle.
Det var første gong at heile den nye skulen var samla i Fuglaberget.
Jan Peter Rydningen opptredde med el-gitaren sin.
Psykologi 1-klassen hadde laga i stand Kahoot.
Det blei premie både til elevlaget som gjorde det best under volleyballturneringa i går, samt laget som var best utkledd.
Både elevrådsstyret og Løp for livet kom med kvar si julehelsing.
Rektor Rebecca Hildebrandt-Paulin ønskte alle elevane god jul.